Hopp til innhold

Truleg bjørn i Høyanger-fjellet

Nye spor etter rovdyr oppdaga.

Bjørnespor i Sunnfjord

Det var sannsynlegvis den same bjørnen som etter lot desse spora på Trojet mellom Haukedalen og Fjærland, meiner SNO.

Foto: Knut Skurtveit

Spora vart observerte på torsdag i Monsdalen i fjellområda mellom Vadheim og Høyanger.

- Eg er i alle fall 90 prosent sikker på at det var spor etter bjørn eg såg. Om det ikkje er ein liten bjørn må det vere ein stor jerv. Spora i snøen var nokre dagar gamle så dei hadde teke til å bli utydelege, men me fann også spor i grus, fortel ein av dei som såg spora på torsdag til NRK.

- Ingen grunn til å tvile

Rovviltkontakt for Statens Naturoppsyn i Sunnfjord, Ingjald Hauso, er kjend med og festar stor lit til observasjonen.

- Det er av bjørn eller jerv - mest sannsynleg bjørn. Eg har ikkje grunn til å tru noko anna, seier han.

- Kan dette setjast i samanheng med spora som vart observerte i Sunnfjord laurdag?

- Det meiner eg. Det sporet som vart sett på grensa mellom Fjærland og Haukedalen kan ha tilhøyrt ein bjørn som vandra mot Høyanger/Vadheim-området. Det går godt an.

Les og: Bjørnespor i Sunnfjord

Liten bjørn

Observasjonane frå Haukedalen fortel om ein liten bjørn, det same tyder spora frå Høyanger på.

- Om me skal anta noko er det ein ung hannbjørn som er på vandring. Spora frå Haukedalen er analyserte av SNO, og det er ingen tvil om at det var ein ung hannbjørn, seier Hauso.