Hopp til innhold

Får ikkje felle bjørnen

Bønder i Jostedalen fortvilar.

Bjørnespor i snøen på Bjåstad i Fjærland.
Foto: Endre Distad

Det er dei siste vekene observert bjørnespor både i Jostedalen og i Fjærland. Jostedalen sankelag søkte om fellingsløyve, men no har Direktoratet for naturforvaltning gjeve dei avslag på søknaden.

Les også: Vil skyte bjørnen no

Les også: Her gjekk ein svolten bjørn

Som venta

- Det var vel som venta, men likevel er det veldig skuffande. Det seier leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk.

Han meiner det hadde vore ein stor fordel om dei fekk fellingsløyve no, medan det framleis er snø i fjellet.

Fordel med snø

- No blir det berre å vente til den dukkar opp ein eller annan plass. Då fryktar eg at den byrjar å drepe sau ganske fort. Dessutan blir det vansklegare å jakte på den når snøen forsvinn, seier han.

Bjørk vil ikkje anka avgjerda, men varslar at dei vil sende ein ny søknad om fellingsløyve etter 1. juni. Då er det fylkesmannen som avgjer om det kan opnast for jakt på bjørnen.