Hopp til innhold

- Eit steg nærare utrydding

Kystpartiet vil at kommune skal få gje fellingsløyve på rovdyr.

Asbjørn Massnes

Asbjørn Massnes. Nestleiar i Sogn og Fjordane Kystparti.

Foto: Vegar Erstad / NRK

- Det er lokalt ein har skadene av desse dyra og plagene av dei, seier fylkesnestleiar i Kystpartiet, Asbjørn Massnes.

Difor meiner Massnes at rovdyrforvaltninga bør flyttast til kommunane. Då trur han det vil bli lettare å kunne få fellingsløyve for rovdyr som gjer skade.

Felt så snart dei viser seg

Leiar Siri Martinsen i dyrevernorganisasjonen NOAH er ikkje usamd med Massnes i at det vil føre til at det blir enklare å å fellingsløyve, utan at dei to blir meiningsfeller av den grunn.

- Eg trur han har heilt rett i at vi då vil få ein situasjon der det vil bli gitt tillatelse til å felle dyr berre dei visar seg i kommunen, seier ho.

Alltid konflikt

- Då vil vi vere eit steg nærare total utrydding av rovdyra i Norge, legg Martinsen til.

- Det vil alltid vere konflikt, og det er dei dyra om er i konflikt vi må ta ut. Ikkje dei som du ikkje kjem i konflikt med. Og det er mykje meir rovdyr her i landet enn forskarane opplyser om, hevdar Asbjørn Massnes.