Hopp til innhold

Fryktar for sauene sine

Bønder i Indre Sogn meiner direktoratet er altfor treige med å gi fellingsløyve.

Sauer
Foto: NRK

- Direktoratet for naturforvaltning brukar altfor lang tid på å bestemme seg om bøndene skal få lov til å skyte meir jerv, meiner sauebonde og styremedlem Erling Offerdal i Norsk Sau og Geit.

- Må skje noko snarast

Han har venta i vekesvis på svar frå direktoratet, og fryktar at sauene skal bli drepne så snart han slepp dei på beite.

- Det må skje noko denne veka. Får me ikkje drepa fleire jerv går me ein sommar i møte som me seint kjem til å gløyma. Det er så veldig mange spor i området. Det kan ikkje vera slik! Det er så mange spor at dette kan ikkje vera streifdyr. Slepp me sauene ut no, vert dei drepne med ein gong, seier Offerdal.

Difor ber bøndene om at det blir skote fleire jervar i området. I forrige veke vart to hannar drepne. Men regionansvarleg Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn bekreftar at det er sett jervespor, også etter dette. Likevel har ikkje Direktoratet for naturforvaltning gått inn for fleire fellingsløyve sidan 10. april.

Sande samtykkjer

- Eg er langt på veg eining med Offerdal i den kritikken han kjem med, seier stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet.

- Det grensar til molbo-politikk viss ein skal venta til snøen er vekke og jaktforholda vert dårlege, før ein gjev fellingsløyve, seier Sande.

Også rovviltnemnda har gått inn for at det bør skytast meir jerv, men i direktoratet er ikkje svaret så enkelt.

Ting tar tid

- Det er jo slik at me gjer vurderingar i eit heilt land, og dermed må me prioritera, seier rådgjevar Morten Kjørstad.

Sjølv om Kjørstad forstår argumentasjonen til Sande og Offerdal, betyr ikkje det automatisk at det blir skote meir jerv i området.

- Nei, men det er riktig at det er enklare å ta ut jerv når det er snø.

- Betyr det at dei får løyve no?

- Det kjem me til å vurdera, seier Kjørstad.