Hopp til innhold

Takk, Ivar Aasen!

Finn Tokvam og Halvor Folgerø vann målprisen.

Halvor Folgerø og Finn Tokvam

Finn Tokvam og Halvor Folgerø, karane bak radio- og tv-programmet Radio Røynda, revysuksessen Vestlandsrevyen, boka ”Tyl” og populærmusikkorkesteret Finn-Erix er tildelt Målprisen til Noregs Mållag.

Mållaget grunngjev dette slik:

”Folgerø og Tokvam har drive med nynorsk alvor og skjemt i eit par tiår alt. Det byrja med mest alvor, som journalistar på distriktskontora til NRK. Sidan vart det meir og meir moro, og dei har hatt ein trufast fanklubb heilt sidan Radio Røynda gjekk på lufta i 2002.

Nynorsk realityshow - på radio! Det var ein fantastisk idé, og både målfolk og vestlendingar flest elska dei frå fyrste stund. I 2005 vart Radio Røynda fjernsyn. Populærorkesteret Finn-Erix tråla fjell og dalar etter intelligent liv på baksida av Vestlandet, i raude velurdressar og gule silketørkle, rullande i ein sliten Ford Transit, der du framleis kunne sjå omrisset av namnet til den tidlegare eigaren: Aurland alders- og sjukeheim.

Dei to prisvinnarane har òg gjeve ut romanen Tyl saman. På nynorsk, sjølvsagt. Boka har nått eit stort publikum som ynskjer seg meir frå dei to, som ikkje heilt vågar å kalla seg forfattarar enno. Kvar for seg har dei òg vore synlege nynorskprofilar i både fjernsyn og radio.

Halvor Folgerø som programleiar i Mediemenerene og nyhendelesar på Vestlandsrevyen, Finn Tokvam som programleiar i radioprogrammet P.I.L.S. (populærmusikk ispedd litt sladder).

I fjor var dei to av mesterhjernane bak den største nynorsksuksessen på lenge. Saman med Ragnar Hovland, Olav Stedje og Claus Sellevold fekk dei heile Vestlandet til å gå mann av huse for å sjå Vestlandsrevyen på scene i Bergen - ein festkveld tileigna Ivar Aasen og nynorsken, med innlagd kaffipause og basar med åresal, nynorske popstjerner og suksessforfattarar. Framsyninga fekk femmarar og seksarar i bokmålspressa, og var eit førebels høgdepunkt for dei to målprisvinnarane”.

Prisen vart utdelt under landsmøtemiddagen til Noregs Mållag.