Hopp til innhold

Hardt skadd i grunnstøyting

Ein mann vart alvorleg skadd etter at plastbåten han sat i grunnstøytte på Langeskjæret ved innseglinga til Kalvåg i Bremanger.

Båt på grunn i Kalvåg.

Båten har gått på land i stor fart, like ved Kalvåg i Bremanger.

Foto: Redningsskøyta "Halfdan Grieg"

Den hardast skadde vart først sendt til sjukehus i Førde, men så frakta vidare til Haukeland. Den andre karen er sendt til legevakta i Florø for sjekk.

Hard smell

Båten fekk hard medfart under grunnstøytinga.
Foto: Redningsskøyta

Ulukka skjedde klokka 04.45. Det var to personar ombord i den vel femmeter lange båten. Ein mann i 30-åra og ein i 40-åra.

- Det er ein hurtiggåande båt på 17-18 fot, med ein relativt stor motor. Det har vore ein hard smell. Båten står heilt tørt på skjæret, noko som tyder på høg fart, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved operasjonssentralen i Florø.

Mistenkjer promille

Redningsskøyta hentar skadd mann i Kalvåg.

Redningsskøyta frakta mennene til land i Kalvåg.

Foto: Redningsskøyta "Halfdan Grieg"

Politiet har mistanke om at det kan vere snakk om promillekøyring. Mennene er frå Bremanger og Flora. Dei var på veg frå Florø til Bremanger då grunnstøytinga skjedde.

- Redningsskøyta har frakta dei to til Kalvåg der ambulansebåten ligg. Den eine har fått brotskader, men er med medvit, seier Vereide.

Båten som grunnstøytte.

Båten som grunnstøytte.

Foto: Redningsskøyta "Halfdan Grieg"