Hopp til innhold

Endeleg nei til råneteater

Politidirektoratet ottast smitteeffekt.

Burn out

Teaterpublikum i Sogn og Fjordane får ikkje lov til å sjå skodespelarar svi gummi i Førde sentrum.

Foto: Helge Holst / NRK

Sogn og Fjordane teater får ikkje lov til å setje opp rånestykket "Burn Baby Burn" utanfor ein bensinstasjon i Førde sentrum. Teatersjef Terje Lyngstad har fått endeleg avslag frå Politidirektoratet.

- Råninga kan smitte

Politimeisteren i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, har tidlegare svara nei på teatret sin førespurnad om å setje opp det omstridde stykket. Lyngstad klaga difor avgjerda inn for Politidirektoratet, men fekk altså ikkje medhald. Direktoratet meiner at stykket er i strid med norsk vegtrafikklov og at bilkøyringa kan ha ein smitteeffekt.

- Feig avgjerd

- Eg tykkjer avgjerda er feig. At direktoratet skriv i avslaget at stykket kan glorifisere råning og føre til ein uønskt smitteeffekt, har eg vanskeleg for å forstå. Det har ikkje rot i røynda, seier Lyngstad.

Men teatersjefen gir ikkje opp. No skal han skrive inn det han meiner er vrange politimenn i teaterstykket:

- Teater er nettopp å skrive inn rollefigurar med haldningar. Teater er konflikt.