Hopp til innhold

Omkom i takras

76 år gamle Odd Sætre omkom etter at han fall ned frå eit hyttetak ved Stryn skisenter.

Omkom i takras i Stryn.

Det vart utført førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde.

Foto: Arne Vik / NRK

Sætre kom frå Lauvstad i Volda kommune.

- Mannen måka snø på eit hyttetak då han rasa utfor taket saman med snøen, opplyser operasjonsleiar Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.49 og ambulanse var raskt på staden. Mannen vart liggjande under snøen i 15 minuttar før han vart gravd fram.

- Det vart utført livreddande førstehjelp, men livet stod dessverre ikkje til å redde, seier Fonn.

Mannen dreiv snømåking saman med ein annan person då han fall ned frå taket.