Hopp til innhold

Til kamp for Sentralsjukehuset

- Det er på tide å stå opp og kjempe for dette bygget, seier Finn Borgen Førsund.

Førde sentralsjukehus
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Arbeidarpartilaga i Sunnfjord og Ytre Sogn mobiliserer for sentralsjukehuset i Førde.

Mista 49 sengeplassar

Neste helg skal Sogn og Fjordane Ap vedta sjukehuspolitikken for dei komande åra.

Sidan 2004 har Førde sentralsjukehus mista 49 senger. Ap-politikarar må vakne og hindre ei utarming av fagmiljøet, meiner leiar i Hyllestad Arbeidarparti, Finn Borgen Førsund.

- Eg synst no det er på tide at vi signaliserer at vi er opptekne av at dette sjukehuset skal oppretthalde sine tenester framover, seier han.

- Trur det går av seg sjølv

Reduksjonen i Lærdal og Nordfjordeid er høvesvis 17 og 9 senger. Dette har ikkje utløyst protestar frå politikarane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Borgen Førsund mislikte statistikken då han fekk han i hende nyleg.

- Dette fortel vel at vi som spring rundt i Sogn og Fjordane reknar med at dette svære bygget i Førde, det skjøttar seg sjølv, og så er vi ikkje klar over det som skjer innanfor spesialisthelsetenesta, seier Borgen Førsund.

Applauderer engasjementet

Fredag sa Ap-leiarane i Eid, Måløy og Årdal klart i frå om at det ikkje kjem på tale å redusere fødetilbodet ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal.

Finn Borgen Førsund er redd den helsefaglege kunnskapen i Sogn og Fjordane vil bli utarma dersom politikarane ikkje slår ring om sentralsjukehuset. Helse Førde har i dag vanskar med å lokka spesialistar til Sogn og Fjordane, og rekrutteringa kan bli endå vanskelegare i tida som kjem, fryktar Førsund.

Jorunn Eide Kirketeig er gruppeleiar i Førde Ap. Ho er ein av dei politikarane som tydelegast har forsvart ei styrking av sentralsjukehuset. Ho applauderer difor utspelet frå partifellen i Hyllestad.