Hopp til innhold

Ber kommunane bryte lova

Utdanningsforbundet ber kommunane droppe lovpålagt gratis frukt og grønt til elevane.

Frukt og grønt i tilsvarende mengde som fem om dagen.

Illustrasjon

Foto: Magne Hansen / NRK

Leiar i utdanningsforbundet, Helga Hjetland, meiner det finnast viktigare ting å bruke pengar på skulane.

- Så mange lovbrot som kommunane gjer elles, så får dei heller bryte den lova også slik at ungane får det beste skuletilbodet, seier ho.

- Fattig trøyst

Gunhild Berge Stang vil heller nytte pengane på å oppretthalde grendaskulane i Askvoll.

Gunhild Berge Stang vil heller nytte pengane på å oppretthalde grendaskulane i Askvoll.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dette synet deler også lokalpolitikarane. Venstrepolitikar i Askvoll, Gunhild Berge Stang vil heller nytte pengane på å oppretthalde grendaskulane i kommunen.

- Om borna må sitte på bussen i over ein time og att på til på ein farleg skuleveg, så er det ei fattig trøyst for foreldre at borna får ei pære når dei kjem fram, seier ho.

- Har ikkje val

Helga Hjetland
Foto: Haakon Dirk Blaauw / NRK

Askvoll kommune er ein av mange kommunar i Noreg som har brukt pengane til frukt og grønt på andre ting. Men no ynskjer Regjeringa å lovpålegge kommunane å bruke pengane på skulefrukt. Berge stand viser til ei lang kuttliste for skulesektoren og meiner dei ikkje har noko val.

- Det skal skjerast ned på heilt grunnleggande tilbod i skulen og symjebasseng. Foreldre kan ta ansvar for frukt og grønt, men dei kan ikkje ta ansvar for å drive symjebasseng og bibliotek, seier ho.

Feil samanlikning

Utdanningsminister Bård Vegard Solhjell er på ferie og ville ikkje kommentere saka. Skulepolitisk talskvinne i SV, Lena Jensen, reagerer sterkt på at Utdanningsforbundet oppmodar kommunane til lovbrot. Ho tykkjer det er feil å halde frukt og grønt opp mot andre ting.

- Vi veit at læring og ernæring heng saman. Vi veit at alt for mange born ikkje har skulemat med seg på skulen. Vi veit også at dersom vi får frukt og grønt, så lærer ungane mykje meir, seier ho.