Hopp til innhold

Her blir ei 63 år gammal gåte løyst

Fredag ettermiddag heva dykkarar delar frå vraket av eit engelsk jagarfly i Førdefjorden.

Det har til no ikkje vore kjent kven som sat i dette flyet då det vart skote ned 9. februar 1945 under 2. verdskrig. På det som vert kalla Den svarte fredagen.

Sjå TV-saka:  National Geographic kom til Norge for å løyse krigsgåte

Eit kanadisk TV-team frå National Geographic har vore i Førde for å lage dokumentar om hendinga. Målet har vore å finne vrakdelar med nummer på slik at dei kunne identifisere flyet som er av typen Beaufigheter.

Gåta er løyst

Og like etter klokka 16 fann dykkarane haleroret og ein sylindar frå flyet. Begge to skal vere i god stand.

Egil Hjelmeland har vore med som kjentmann og har følgt TV-teamet desse dagane.

- Dette er fantastisk, for i to år har Rob Rondeau planlagd dette. Gåta er løyst, for no veit vi kven dei to som var ombord i flyet var. Dei to var piloten Phil Myrick og navigatøren Claude Berges, seier han.

Sjå bilete frå dykkinga

Såg ein E

Det var fire dykkarar som var nede i vatnet. Tilfeldigvis kom dykkar Tore Solbakken frå Førde forbi halepartiet og såg ein E.

- Og i og med at han fann eit halehjul så vart det lett å identifisere flyet. For det var berre det flyet som hadde bokstaven E under haleroret.

Teamet har halde på i fem dagar, og det var tredje dagen dei dykka etter dette flyet.

- I dag klaffa det, og det er heilt fantastisk. Vi blir glade når så mange har reist så langt og lukkast.

 

Egil Hjelmeland

Egil Hjelmeland vart så glad at han spelte den kanadiske nasjonalsongen på trompet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Har fått svar

Arkeolog Rob Rondeau frå Canada seier at ekspedisjonen har funne det dei leitte etter.

- No veit vi kven som var i flyet, det var det vi skulle finne svaret på.

Delane vert no tekne vare på og overleverte til Luftkampmuseet i Naustdal.

Phil Myrick og Claude Berges

Piloten Phil Myrick og navigatøren Claude Berges

Foto: Cosmin Cosma / NRK