Hopp til innhold

15 skadde i bussvelt

15 personar vart lettare skadde då ein rutebuss med 37 passasjerar ombord velta på riksveg 5 på Skei i Sogn og Fjordane  søndag kveld.

Buss velta på Skei.

Passasjerane måtte tak seg ut taklukene.

Foto: MMS-foto: Cosmin Cosma / NRK

Seks av dei skadde er frakta til Førde sentralsjukehus med blant anna kuttskader. Ingen er alvorleg skadde, ifølgje politiet.

SJÅ VIDEO: Måtte slå seg ut taklukene

Mange skuleelevar

Mange av passasjerane var skuleelevar på veg tilbake frå vinterferie. Passasjerane fortel at velten var dramatisk. Fleire fekk panikk. 17 år gamle Sara Eitungjerde sat heilt framme i bussen.

Sara Eitungjerde

Sara Eitungjerde sat framme i bussen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Eg var heilt i sjokk då eg kom ut av bussen. Eg høyrde berre skriking og hyling inne frå bussen. Det var heilt forferdeleg. Eg såg ei som hadde eit lite kutt i hovudet, fortel ho.

Har kome over sjokket

- Korleis gjekk det med deg?

- Etter forholda har det gått veldig bra. Eg er ikkje skada og har kome over sjokket, fortel Eitungjerde.

Då NRK Sogn og Fjordane snakka med 17-åringen sat ho i ein ny buss klar til å køyre vidare til Sandane der ho går på skule.

- Det er veldig rart og eg er spent i kroppen. Eg kjem i alle fall til å ha på meg bilbeltet.

Mista styringa på glatta

Ein annan passasjer i bussen var Ole Kristian Stølen.

- Bussen hadde stor fart. Plutseleg gjekk den ut i grøfta og velta, seier han til vg.no.

- Det var snøslaps i vegen, og like før Skei sentrum mista sjåføren styringa i ein slak sving. Bussen gjekk rett fram og velta, seier administrerande direktør Bjørn Nordberg i Firda Billag.

Evakuerte gjennom taklukene

Reporter Synnøve Aasland fortel at bussen har velta på ei rett strekke ved Sparbutikken på Skei. Bussen har velta med dørene ned, og passasjerane måtte ta seg ut gjennom taklukene. Fleire av passasjerane var blodige og forslåtte. Fleire grein og var tydeleg prega av utforkøyringa. 

Åtte ambulansar

Ulukka vart meldt til Førde Sentralsjukehus klokka 21.16 søndag kveld. Ved sjukehuset vart det slått full katastrofealarm.

-  Det vart sendt ut åtte ambulansar frå Førde, Gloppen og Jølster. I tillegg vart luftambulansebilen med lege og redningsmann og legevakt sendt til staden, opplyser informasjonssjef VidarVie i Helse Førde.

Fekk hjelp av kriseteam

Passasjerane vart innlosjerte på misjonshuset på Skei, der dei fekk varme tepper og hjelp av fagfolk.

- Passasjerane får no hjelp av eit kriseteam. Vi arbeidar no med å få ut bagasjen av den velta bussen. Passasjerane vil verte sende vidare med andre bussar, seier Nordberg.

Bussen som velta kom frå Sogndal og hadde med seg passasjerar som skulle vidare til Førde og Nordfjord.