Hopp til innhold

Elendig vinterferievêr

Mykje nedbør og vind, vanskelege køyreforhold og stor rasfare. Dette er den lite kjekke meldinga frå meteorologen når vi no går inn i vinterferieveka.

Regnvær
Foto: Scanpix

I ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane fredag ettermiddag, fekk statsmeteorolog Frode Hassel spørsmål om korleis vêret skulle bli det neste døgeret. Og då fekk vi dette lite lystelege svaret;

- Det blir vel stort sett berre verre er eg redd for.

Og det betyr i klar tekst ein del regn på laurdag. Først som snø i indre og høgareliggande strok. Utpå dagen vil det sei over 500-600 meter. Om kvelden aukar nedbøren.

Verre og verre

Dårlig vær på fjellovergangene.
Foto: Atle Romøren

- Søndagen er faktisk enda verre, seier Hassel.

- Då blir det stiv til sterk kuling frå vest, både på kysten og i høgfjellet. Og mykje nedbør, som snø i høgfjellet.

Dette betyr vanskelege køyreforhold i fjellet søndag, og Nils Magne Slinde i Statens vegvesen oppfordrar folk om å reise laurdag eller måndag viss dei skal over fjellet. Sjå Uroa for vinterferietrafikken

Lettare tysdag

Vidare utover vinterferieveka seier meteorologen at det byrjar å roe seg ned litt måndag, men at tysdagen ser best ut.

- Det blir ikkje noko fint vêr, men det blir i alle fall roligare vindtilhøve, og lite eller ingen nedbør.

- Men torsdag, fredag, laurdag og søndag er det på han igjen, med mykje nedbør, mildt og mykje vind frå vest, seier meteorologen. 

Sjå Vinterferievêret

Ras i Veitastrond
Foto: John Molland

Stor skredfare

Og desse meldingane gjer at det er venta stor skredfare på Vestlandet. Nord for Hardangerfjorden og dei vestlege fjelltraktene nord for Haukeli er skredfaren satt til fire. På ein skala som går frå ein til fem. Sjå Snøskredvarsel for vinterferien

Slik aukar skredfaren

Generelt aukar skredfaren ved sterkt snøfall (meir enn ca. 20 cm pr. døgn) ledsaga av vind, eller når lufttemperaturen stig brått. Skredfaren aukar også når det er kraftig solinnstråling eller når det regnar på snødekket. Bratte skråningar som ligg i le for vinden er mest utsett for skred. Unngå derfor bratte skråningar kor det ser ut til å ligge meir snø enn elles i fjellsida. Vær også merksam i mindre heng viss du har mistanke om skredfare.

Sjølv om overflata verkar fast og hard, kan løyse lag nede i snødekket medføre skredfare. Vær ekstra varsam dersom du ser at det nylig har gått skred.

Skredfareskalaen

Skredfareskalaen går frå faregrad 1, liten skredfare, til faregrad 5, veldig stor skredfare. Skredfare 3 betyr at snødekket har moderat til dårleg stabilitet mange stader i bratt terreng, og at enkelte naturlege middels til store skred kan gå. Erfaringsmessig skjer dei fleste ulukker i fjellet når det er skredfare 3.