Hopp til innhold

Drastisk nedgang i rovviltskader

Rovviltskadene i Sogn og Fjordane gjekk kraftig ned i 2007.

Jerv

Seks jervar vart skotne i Indre Sogn og fjor. Dette har vore med på å halvere rovviltskadene i fylket.

Foto: BBC

- Vi må nok tilbake til slutten av 90-talet for å finne liknande tal. Hovedgrunnen til halveringa er at Statens Naturoppsyn tok ut seks jervar i Indre Sogn i fjor vinter, seier Hermund Mjelstad, rådgjevar ved Fylkesmannen.

- Tilbake til normalen

Med unntak av i fjor har skadeomfanget i fylket auka for kvart år sidan 2000. Dermed var fjoråret svært spesielt fordi det er første året på lenge der skadeomfanget går drastisk ned.

- Det er mest tydleg mellom Årdal og Lærdal der dei hadde store tap tidlegare. No er vi tilbake til normalen, seier han.

- Det er ekstraordinert med tanke på at skadenivået er halvert. Vi kan ikkje forvente at det skal bli halvert ein gong til, men eg håpar vi kan redusere tapa ytterlegare, seier han.