Hopp til innhold

Tente meir for 20 år sidan

Sjekkane frå Tine og Gilde til bøndene var større i kroner og for 20 år sidan enn i dag.

Rune Bruvoll
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Eg har aldri hatt så lite å rutte med som no, seier gardbrukar Rune Bruvoll frå Stårheim. Han dokumenterer det med oppgjera han har fått frå Tine og Gilde dei siste 20 åra.

Tala viser at han fekk meir for mjølka og kjøtet han leverte i 1987 enn det han gjer i 2007. 36 kroner i 87 og 32 kroner i år for kjøtet og seksti øre meir per liter melk. Bruvoll er ein av dei største mjølkeprodusentane i Eid, men 59-åringen som har investert jamnt sidan han tok over garden seier han aldri har hatt mindre pengar enn no.

- Bortreist Bondelag

- Bondelaget virkar heilt bortreiste. Det er vestlandsbøndene dette går ut over kvar gong. Vi er taparar heile tida. Bondelaget er ikkje på bana i det heile. Dei snakkar kun i statistiske vendingar folk ikkje forstår, seier Bruvoll.

- Heller pris enn tilskot

Men leiaren i Sogn og Fjordane bondelag Bjarte Nordanger avviser kritikken. Han meinar at bøndene på Vestlandet er avhengige av at ein framleis har fokus på tilskot og meinar at det er usannsynleg at ein mjølkebonde skulle få ei krone meir for ein liter med mjølk.

- Ein kan i alle fall ikkje skulde på at Bondelaget ikkje hat gitt beskjed om korleis det går. Til slutt så er det jo staten som bestemmer kva forhold vi skal få uansett, Bjarte Nordanger.

- Bruvoll seier fokuset må over på pris på produkta og ikkje på tilskot?

- Eg tykkjer det er viktig spesielt for fylke som Sogn og Fjordane sin del at vi har fokus på begge deler. Det er jo klart at det ville gjort stort utslag om me hadde fått ei krone meir for mjølka, men me må hugse at då snakkar vi om eit totaltbeløp som er ein halv gong større ein heile ramma for fjorårets jordbruksoppgjer. Dersom ein klarar å forhandle fram ei ramme som er så stor så skal eg gladeleg vere med på det, seier Nordanger.