Hopp til innhold

Økokrim slo til mot Vest Tank

Økokrim har slått til mot ni stader i samband med Vest Tank-etterforskinga i Sløvåg i Gulen.

Økokrim
Foto: Erik Johansen / Scanpix

Razziaen fann stad i går i samarbeid med Hordaland politidistrikt.

- Vi føretok ransaking på totalt ni stader og gjorde data- og dokumentbeslag, stadfester førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i Økokrim.

Utelukkar ikkje ny informasjon

Økokrim vart i november oppmoda om å ta over etterforskinga av Vest Tank etter eksplosjonen i mai. I samband med denne slo dei til mot Vest Tank. Selskapet er sikta for brot på brann- og eksplosjonsvernlova.

- Vi gjorde dette for å svekkje eller styrkje mistanken mot selskapet. Det vart gjort beslag som vi no skal gå igjennom. Vi kan ikkje utelukke at vidare etterforsking avdekkjer nye forhold, seier han.

Forgreining til utlandet

Førstestatsadvokaten seier dei har gjeve saka høg prioritet og vil gjere nye avhøyr. Politimynde i utlandet er også involvert i saka. Det er ein av årsakene til at Hordaland politidistrikt skildrar ho som omfattande og komplisert.

- Ho har forgreiningar til fleire land, men dette er for tidleg å seie noko om, seier Høviskeland.

Gjev prioritet

Økokrim har nasjonalt ansvar for kampen mot miljøkriminalitet.

- Vi har spesielt prioritert saker som gjelder prioritering av farleg avfall. Vi har sett det som viktig å handtere og prioritere denne type saker av omsyn til folk som vert råka, seier Høviskeland.