Hopp til innhold

Fekk 40 døde fuglar

No skal born i heile fylket få lage fantasifuglar av dei døde fuglane.

Olav Fridtun og Monicha Landøy
Foto: Privat

Preparant Monicha Landøy har fått nærare 40 fuglar og dyr i gåve frå Olav Fridtun på Massnes Villmarksmuseum som ho skal bruke i ei vandreutstilling. 

Fuglane er hovudsakleg tiur og røy, og ho fekk og ekorn, mår og ei babynise. Fuglane og dyra blir delt opp i bitar. Hovudet blir utstoppa, indre organ ligg på sprit og skjelettet vert vist fram i lag med bilete av korleis dyret ser ut.

- Tanken er at publikum skal kunne ta og kjenne på fjøra og beina, seier Landøy.

Vandreutstilling

Fantasifugl
Foto: Monicha Landøy

Utstillinga er ei vandreutstilling som byrjar 4. februar på Kystmuseet i Florø. Seinare går turen til Sunnfjord museum, Nordfjord museum på Sandane og dei Heibergske samlingar i Sogn. Hit blir 5. og 6. klassingar invitert.

- Motivet for utstillinga er å få opp interessa for biologi og naturfag. Mellom anna skal dei få lage sine eigne fantasifuglar med å setje saman fjør frå fleire forskjellige fuglar. Og her kjem fuglane frå Fridtun godt med, seier Landøy.

- Det var utruleg kjekt med denne gåva, og eg vil gjerne rette ein stor takk til Fridtun, seier ho.

Etterlyste flaggermus og hoggorm

I november i fjor etterlyste Landøy flaggermus og hoggorm gjennom radioen. Det var det einaste ho mangla i samlinga. Og det fekk ho. Elles har preparanten samla inn ting sjølv, og fått hjelp av fiskarar og Havforskingsinstituttet.

Utstillinga Biologisk Mangfold består av sju kassar med forskjellige tema som fuglar og sjøliv. Kassane er gjort små for at dei skal vere lette å frakte rundt på forskjellige utstillingar.

Sjølivkasse i utstillinga Biologisk Mangfold

Kassen er laga som eit puslespel der objekta er limt til kvar si brikke. Elevane kan ta opp brikkene og studere dei preparerte objekta.

Foto: Monicha Landøy