Hopp til innhold

Mikkel må dø

Folk må ut på jakt, meiner fylkesagronomen i Sogn og Fjordane.

Rev
Foto: Aud Graadal

Sjå reven:

Video: Fotogen rev

- Tidlegare har skabb halde revebestanden nede, men no tyder alt på at reven toler skabben betre. Dermed aukar bestanden, seier fylkesagronom i Sogn og Fjordane, Bjørn Harald Haugsvær.

Ikkje erstatning

Årleg forsvinn rundt 10.000 sauer på beite i Sogn og Fjordane. Mange av desse dør som følgje av sjukdom, flott og flugemark. Kor mange jerven tek tør ikkje Haugsvær seia noko om fordi det ikkje blir ført statistikk over sauer som blir tekne av rovdyr som ikkje er freda. Men ut frå tilbakemeldingane frå sankelaga er han sikker på at talet er aukande.

-Me fører statistikk over og betalar ut erstatning for sauer som blir tekne av jerv, gaupe og anna freda rovvilt. Reven er ikkje freda, og dermed får bøndene heller ingen erstatning når dei mister dyr.

Eitt og eitt lam

-Vanlegvis er det slik at jerven gjer stor skade på enkelte bestandar utpå hausten. Reven plukkar eitt og eitt lam gjennom heile beitesesongen. Eg trur dei tek omtrent like mykje.

Gamal kunst

No oppmodar Haugsvær til meir revejakt. Skotpremiane varierer frå 100 kroner til 800 kroner rundt om i fylket, men fylkesagronomen trur ikkje storleiken på premiane er det einaste som spelar inn.

- I mange sankelag har ein gløymt den gamle kunsten med å gå på revejakt. Eg meiner tida er inne for å gå meir på jakt. Dei som vil jakte må også orientere seg om vinteren for å sjå kvar det er spor, seier han.