Hopp til innhold

- Kvinnedominans betyr bråk

Avtroppande adm. dir. ved Sunnfjord Energi, Per Storegjerde, reknar med å ha hissa på seg halve kongeriket etter uttale i onsdagsportrettet.

Per Storegjerde
Foto: NRK

SEI DI MEINING: Kvinnedominans betyr bråk

Det var til temaet om kraftfusjonen på 90-talet at Storegjerde uttala at det var ein fordel at energiverket hadde mannsdominans i arbeidsstokken.

- Om hovudsaka av dei tilsette var jenter, så er eg redd for at det kunne blitt litt halloi, uttala han.

- Menn er enklare

Storegjerde var direktør då Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk kom med i Sunnfjord Energi på midten av 90-talet. Samanslåinga gjekk bra. I motsetnad til den varsla fusjonen mellom Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi i fjor. Storegjerde avviser at han berre ynskjer menn i organisasjonen sin, men meiner å tru at menn ser litt meir praktisk på ting.

- Men no har eg vel hissa på meg halva av kongeriket, seier han.

- Kvinnedominans er bråk

- Eg har eit merkeleg inntrykk av at der det er veldig dominans av jenter på ein arbeidsplass, så har det lett for å bli litt meir konfliktar enn der det er overvekt av menn, seier han og presiserer at det berre er tale om kjensler.

- Av og til må ein kall få lov å uttrykke sine kjensler, seier han og held fram.

HØYR: - Kvinnedominans er bråk!