Hopp til innhold

Rådmann tek bladet frå munnen

Rådmann Tor Kristian Gulhaugen letta onsdag kveld på sløret om Terra-skandalen.

Tor Kristian Gulhaugen
Foto: NRK

HØYR: Gulhaugen snakkar ut

- Det har vore veldig tungt etter at vi vart klar over at aksjane var svært risikofylte og kursane byrja å stupe, seier han.

- Tankane vil ikkje sleppe

Rådmannen i Bremanger er mellom dei som har fått svært mykje kritikk for transaksjonane med Terra Securities. Han var taus under møtet med om lag 150 av kommunen sine innbyggjarar, men fortalde etter om ei svært tung tid etter at Terra-bobla sprakk og det vart klart at kommunen kan tape mellom 100 og 200 millionar kroner på investeringane.

- Ein lurer veldig på kva situasjonen blir. Kva blir konsekvensen når vi får fram dei endelege tala på verdireduksjonen, eventuelle tap vi må bokføre og kva tiltak vi må sette i verk for å kompensere for dette. Det er tankar du går med heile tida, som ikkje vil sleppe. Folk i Bremanger har slettes ikkje fortent å få dette, seier han.

- Svært kostbar lærdom

På møtet let ikkje ordførar Kåre Olav Svarstad det vere noko tvil om at både administrasjon og politikarar i kommunen er lurt trill rundt av dei to meklarane frå Terra Securities. Gulhaug er samd og seier det heile har vore ein svært kostbar lærdom.

- Det er klart at vi kan kritiserast og må ta ansvar for at vi ikkje har sjekka det dei har gjeve oss av opplysningar. På den andre sida hadde vi stor tillit til dei og kjende ikkje behov for det, seier Gulhaugen.