Hopp til innhold

Her skriv talenta under for Sogndal

Per Egil Flo og Even Hovland har skrive ny treårskontrakt med Sogndal.

Even Hovland skriv under ny kontrakt med Sogndal.
Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Både Per Egil Flo og Even Hovland viste seg i haust fram for Premier League-klubben Newcastle.

- Kunne selt på dagen

Måndag skreiv duoen under ny kontrakt som gjer dei til sogndalspelarar til og med 2010-sesongen. Verken spelarane sjølve eller agenten deira, Jim Solbakken, meiner dei unge landslagsspelarane hadde noko val.

- Eg kunne selt dei på dagen om det var noko poeng i det. Men det er ikkje noko poeng. Her må dei vere ei stund til for å bli så gode at dei er aktuell for større oppgåver. Reiser du ein stad no og gjer feil, så kan du risikere å ikkje få spele. Då blir du heller ikkje betre fotballspelar, seier han.

Rosar Sogndal

Fotballagenten rosar klubben for å satse på talentfulle spelarar. Noko han meiner er avgjerande for utviklinga til både Hovland og Flo.

- Får dei ikkje speletid, så blir dei ikkje betre fotballspelarar og då slit dei på sikt. Skal dei bli ordentleg gode, så må dei spele fast. Det er diverre ikkje mange unge gutar som får i andre klubbar kring om i landet. Diverre er det blitt slik at du i Noreg må vere gammal nok for å vere god nok. Ein god nok spelar i Sogndal får spele og då blir du mykje betre, seier Solbakken.

- Aldri noko diskusjon

Per Egil Flo skriv under ny kontrakt med Sogndal.
Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Både Flo og Hovland var nøgd med å sette signaturen under ei ny kontrakt med klubben frå fruktbygda. Begge kunne gått gratis til ein ny klubb etter sesongen 2008.

- Det  var aldri noko diskusjon. Eg vil heller utvikle meg vidare her i Sogndal og forlenge kontrakten, seier Hovland som har teke 1. divisjon med storm etter overgangen frå 3. divisjonslaget Høyang.