Hopp til innhold

Skulenedlegging på helsa laus

Nedlegging av grunnskulen gjev elevane dårleg rygg og seinskader.

Elevar går på skulebussen.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

HØYR: Skuleskyss gjev seinskader

Torodd Fagerheim
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det seier leiar i landslaget for nærmiljøskulen (LUFS), Torodd Fagerheim. Landslaget seier det er dokumentert at ein time skuleskyss gjev langvarige fysiske og psykiske helseskader.

Torje og Tuva kvir seg

Og det vert stadig fleire og fleire elevar som i løpet av dagen set meir enn ein time på skulebussen. I alt er 850 grunnskular lagt ned i landet dei siste 20 åra. I alt 50.000 born brukar meir enn ein time av dagen på skulebussen. Neste skule kan bli Steinhovden skule i Flora, der syskena Torje (8) og Tuva Seljeseth (6) er elevar.

- Det blir litt kjedeleg å sitte på bussen så lenge. Det er litt kjedeleg, seier dei to.

Torje og Tuva Seljeseth
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kvalme og trøytte

Ved sidan av ein time kortare fritid, blir borna trøytte og kvalme av skuleskyss på over ein time. Pappa Leif Bjørn Mathisen tykkjer ikkje noko om at borna hans får lenger skuleveg. Han fryktar at både Tuva og Torje kan

- Eg vonar framleis at vi kan få behalde skulen, slik at ungane våre slepp ein halvitme på buss kvar veg til skulen, seier han.