Hopp til innhold

Førde-skule skal inspirere

Flatene skule i Førde skal inspirere resten av skulane i landet til å bli betre.

Flatene skule i Førde.
Foto: Steinar Lote / NRK

Skulen får ein million kroner av regjeringa for å inspirere til betre opplæring, kreativitet og nyskaping i skulane.

- Viser kreativitet

Dei er plukka ut saman med fem andre skular og tre bedrifter i landet til å vere med i eit nytt prosjekt som skal gå over to år.

- Skulane har synt pedagogisk kreativitet som andre kan lære av, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell som kunngjorde løyvinga under ein konferanse i går kveld.