Frå eitt av prøvehia der det var litt kvist utanfor hiopninga. Dette hiet var ikkje ferdig grave.
Bjørkeskog som bjørnen har teke kvist frå og delt opp i småkvist. Mest truleg at denne var tenkt nytta som madrass under overvintring.
Fint samanlagd kvist som sikkert var tenkt til å sove på under overvintringa.
Inngangen til det andre prøvehiet ca 20 meter frå det fyrste. Her var det grave ut mange store steinar, og den største var nok 30 - 40 kg. Her hadde bjørnen treft på ein stor stein som hindra vidare inngraving.
Den store steinen som var utgraven, 30 - 40 kg. Dette tyder på at bjørnen er sterk.
Det gamle bjørnehiet som var på staden ca 20 meter lenger oppe. Dette var grave 2 - 2,5 m inn under ein stor stein, og var utgrave for mange år tilbake. Bjørnen som laga prøvehia har nok ikkje vore med på å lage dette hiet, men det syner at dyret har evne til å finne eigna stader for overvintring utan å vita om dei.