Hopp til innhold

Nye eigarar i Aker Yards

Stor glede blant Aker-tilsette etter sørkoreansk oppkjøp.

STX Florø
Foto: Cosmin Cosma / NRK

STX Shipholding frå Sør Korea har kjøpt opp 39,2 prosent av aksjane i Aker Yards.

LES: Betalte 4,3 milliardar

- Dette ser eg positivt på. Vi har venta på det, og snakka i pausane om at ein industriell eigar skal kjøpe oss opp. Så lenge det er ein industriell eigar, så gjer det ingenting at han kjem i frå Korea, seier tillitsvald ved verksemda i Førde, Audun Grønnevik.

- No kom det

Audun Grønnevik
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Grønnevik fekk gladmeldinga tysdag morgon då han søkte etter nyhende på Internett. Han meiner den nye eigararen er til det gode for verksemda.

- Det har vore finansielle eigarar inne med kring ni prosent spreidt på bankar i heile verda. Finansielle eigarar har ikkje greie på skipsbygging. Det har ein industriell eigar. No får vi inn eit stort skipsverft som har greie på skipsbygging og som ser kvar han skal investere og drive, meiner Grønnevik.

Ynskjer kontroll

STX Shipholding får negativ kontroll i Aker Yards, noko som inneber at dei kan blokkere for alle endringar som krev kvalifisert fleirtal, som til dømes vedtektsendringar. Grønnevik trur ikkje dette får negative følgjer for verftet.

- Dei kjøper truleg aksjane i Aker for å få kontroll over cruisebåtar i Finland og kjemikaliebåtane som vi byggjer. For den kompetansen har ikkje koreanarane, seier han.

Klarer å snu

- Eg trur arbeidsplassane er trygge i lang tid framover. Marknaden er varm, og når vi no får inn sterke industrielle eigarar, så er også kapitalen på plass, held Grønnevik fram og ser mot lysare tider for Aker Yards. Verksemda har vore gjennom ei vanskeleg tid der dei har tapt mykje pengar.

- Med ny leiing, så klarer vi å snu dette saman, meiner han.