Politimelder sauetap

Gaular-bonde har mista 67 sauer på to år.
Publisert 23.10.2007 06:47. Oppdatert 23.10.2007 07:20.
- Skriv ut
John Øvrebø frå Bygstad i Gaular har meldt store sauetap til politiet som tjuslakting. I år er 37 av sauene sporlaust borte frå fjellområdet mellom Bygstad, Guddalen og Sande.
Finn ikkje spor
Øvrebø er sikker på at dei store sauetapa hans dei siste åra skuldast tjuslakting. Han tvilar sterkt på at sauetapa skuldast rovdyr.
- Då skal vi finne noko. Men ikkje finn eg kadaver og ramn verken høyre eller ser eg. Gaupa er i skogen ut mot Fjaler, men dette er over skogen. I fjor mista eg 30 sauer i same området. Er det rovdyr skulle eg ha funne 67 ulldottar, meiner han.
- Ikkje naturleg
Gaular-bonden byrja å fatte mistanke for tre år sidan då 17 sauer forsvann. I fjor steig altså talet til 30 sauer. I år er 31 lam og seks vaksne sauer sporlaust borte. Måndag gjekk han til politiet.
- Nokre av dei er i alle fall tjuvslakta. Det er eg sikker på. Området er halvanna time å gå frå bilveg og det er oversikteleg. Dersom du vil gjere noko som ikkje er heilt lovleg, så ser du dersom det kjem nokon. Dette er i alle høve ikkje naturleg, seier Øvrebø.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket