Hopp til innhold

Sjekka ut kjeledress

Kjeledressen som onsdag vart funne på Stadlandet, høyrde ikkje til den sakna 19-åringen i Vågsøy.

Det stadfestar lensmann Tormod Hvattum ved Vågsøy lensmannskontor. Kjeledressen vart funnen i sjøen mellom Fure og Drage.

- Vi fann kjeledressen i området der vi fann bensintanken i går, men kjeledressen var ikkje den som den sakna hadde på seg, seier han.

60 personar

Det har i dag vore søkt med miniubåt frå redningskøyta Platou, kring 60 personar frå Sivilforsvaet, Røde Kors og brannvesen. I tillegg har fire dykkarar og miniubåt delteke i søket.

- Det er eit stort område vi skal dekke. I dag har vi konsentrert oss om begge sider av strekka frå Vemmelsvik til Stadlandet, i tillegg til at det er gjort søk på øyane i Selje og på Stadlandet, seier Hvattum. Dykkarane gjekk onsdag kveld i sjøen for å søke ved kaiene i Måløy.

Redusert mannskap

Lensmannen seier at mannskap vil drive strandsøk til det vert mørkt i kveld. Dersom dette søket ikkje gjev resultat, vert leiteaksjonen teken opp att i morgon.

- Då blir det med redusert mannskap. Vi vil gjere strandsøk frå båt og vil konsentrere oss om området frå Måløy og nordover til Selje og Stadlandet. Det er førebels uvisst om dykkarane vert med i morgon, seier han og legg til at miniubåten vil halde fram med søk i området der båten til den sakna vart funnen.