Hopp til innhold

- Økonomi viktigare enn pasientar

Sjukehusreformen pressar legane til å tenke økonomi i staden for pasientane.

Operasjon ved Molde sjukehus

Illustrasjonsfoto

Foto: Omar Sejnæs/NRK Møre og Romsdal

Overlege Mads Gilbert rasar mot den sjukehusreforma.

- Legane blir dårlegare lega når sjukehusa blir styrt som bedrifter, seier han og meiner at legane blir pressa til å tenke økonomi. Det gjer at legane kan velge uortodokse behandlingsmåtar.

- Tenkjer ikkje fagleg

Sjukehusa vart i 2002 overtekne av Staten. Inntektene skulle komme frå tal pasientar og behandlingsform. Men reforma svekkar innhaldet i legegjerninga, meiner Gilbert.

- Det er ikkje tvil om at det sterke fokuset på bedriftsøkonomi har gjort noko med måten vi tenker på og måten vi jobbar på, dessverre. Vi vert heile tida pressa til å svare administrasjonen, ikkje på dei faglege resultata vi oppnår, men på dei økonomiske resultata vi oppnår, seier han.

Vel inntekt

Gilbert fortel om eit konkret døme der legane kan velje to måtar å hjelpe ein pasient med pustevanskar. Den eine metoden, å sette røyr ned i halsen, gjev vel 50.000 kroner. Dersom legane opererer røyr rett i pusterøyret, får sjukehuset nær 400.000 kroner.

- Det er klart at ein lett kan bli freista til å seie at dette er rett behandling, dersom ein har dårleg økonomi, seier han.

- Kan ikkje gjere

Statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Arvid Libak nektar på si side å tru at legane kan gjere dette.

- Eg trur at legar ikkje gjer det. Dei skal gje pasientane best mogleg behandling på ein god måte, seier Libak.