Hopp til innhold

Gigantbot for ammoniakkutslepp

Vest-Norsk Fôr BA på Sandane får 200.000 kroner i bot etter ammoniakkutsleppet for to år sidan.

Ammoniakkutslepp på Sandane
Foto: Oddleif Løset/Firda Tidend

Politiadvokat Bjørn Larsen seier bota kunne vore langt større.

- Hadde dei hatt noko anna økonomi i føretaket, ville bota fort blitt dobla og kanskje endå meir enn det, seier han.

Evakuering

Om lag 1.000 personar vart evakuert frå Sandane sentrum då nær 2.000 kilo ammoniakk lak ut frå verksemda i Grandavegen. I alt var 50 personar til legesjekk, medan tre personar vart sendt til sjukehus.

Politiet er no ferdig med å granske utsleppet og har konkludert med at utsleppet skuldast grove brot på forureiningslova og arbeidsmiljølova.

Grove brot

Utsleppet skjedde i samband med at eit tunnelbatteri vart tømd for ammoniakk.

- Vi har avdekka omfattande manglar på internkontrollsystem med manglande sikkerhets- og vedlikehaldsinstruksar, manglande flytskjema/rørskjema, samt at personell med ansvar for kuldeanlegget ikkje hadde tilstrekkeleg opplæring i drift, vedlikehald og kunnskap om regelverk, seier Larsen.

Bota er vedteken, men det lukkast ikkje NRK å få kommentar torsdag kveld.