Hopp til innhold

Pressa pris på grunn av sjølvmord

Ein eigedomsmeklar pressa ned salsprisen på grunn av eit 12 år gammalt sjølvmord i ein bustad på Leikanger.

Huset på Leikanger
Foto: Arve Uglum / NRK

Familien til kvinna som selde huset har no klaga meklaren inn til advokatforeininga.

Peder Gravem er svoger til seljaren, og seier familien reagerer sterkt på korleis salet vart gjennomført.

- Vi vart forbausa og forskrekka. Vi meinte at dødsfallet som hadde skjedd her var heilt utan betydning for spørsmålet om verdien på bustaden.

Hadde fått høyre om sjølvmordet

Etter at bodrunda var ferdig, aksepterte kvinna som selde huset eit bod på 1,5 millionar kroner. Men då kjøpar og seljar møttest på kontoret til eigedomsmeklar Jan Arild Rømmen, vart prisen pressa ned.

Kjøparen hadde blitt kjent med at det hadde vore eit sjølvmord i bustaden for nokre år sidan, og stilte spørsmål ved om dette burde ha blitt opplyst om i bodrunden.

Føreslo prisreduksjon

Rømmen føreslo difor å redusere prisen med 10.000 kroner på grunn av sjølvmordet for 12 år sidan. Likevel vart ikkje kjøpesummen endra i kontrakten.

Kjøparen godtok det, og i sjokk gjorde også ho som selde huset det.

- Seljaren var heilt overrumpla. Ho følte at ho var i ein tvangssituasjon, men ho protesterte ikkje mot at huset skulle seljast billegare. Men då ho hadde sove på det, kom ho til det at ho ikkje kunne akseptere at det stod feil pris i kontrakten. Det opplevde ho som uheiderleg.

- Korleis har ho hatt det i ettertid?

- Ho har opplevd det som belastande, og følte at advokaten sin vart ein motpart.

Har klaga på advokaten

Familien til seljaren har no klaga Jan Arild Rømmen inn til advokatforeininga. Rømmen meiner sjølv at han har gjort alt rett i forhold til korleis hussalet utvikla seg, men vil utover det ikkje kommentere saka.

Gravem meiner uansett at meklaren må få ein reaksjon frå advokatforeininga. I tillegg vil dei krevje å få tilbake dei 10.000 kronene frå meklaren.

- Det var ein skriftleg kontrakt på eit beløp som både kjøpar og seljar hadde skrive under på, og den kontrakten burde vere forpliktande.

Advokatforeininga seier dei har saka under behandling, og vil heller ikkje kommentere saka.

- Skal ikkje gi redusert pris

Men direktør Finn Tveter i Norges Eigedomsmeklarforbund seier eit sjølvmord som har skjedd for over 12 år sidan ikkje skal gje redusert pris.

- Når det gjeld sjølvmord for så lenge sidan, vil det etter mi vurdering ikkje vere brot på opplysningsplikta om det ikkje vert opplyst om dette, seier han. 

- Men skal sjølvmord ha noko å seie ved sal av hus?

- Ja, det kan det ha i spesielle tilfelle. Til dømes viss kjøparen er den einaste som kjem utanfrå og det har skjedd ei tragisk hending som pregar folk si oppfatning av huset. Det skal litt til for at det skal vere ein opplysning som må vere med, men hadde det skjedd veldig nyleg så hadde saka stilt seg annleis.