Hopp til innhold

Sykla Noreg på langs

Kjersti Kollbotn og borna Kari Maritza (15) og Ulvar (13) la 19. juni ut på den kring 3.000 kilometer lange sykkelturen frå Nordkapp til Lindesnes. Her kjem første lesarbrev:

Syklar Norge på langs - framme

Endeleg framme! Her i fyrtårnet på Lindesnes.

Foto: Kjersti Kollbotn

Syklar 3000 kilometer for psykisk helse

"Ulvar har no rekorden med den yngste som har sykla distansen nokon sinne!

- Endeleg framme!

Kl 1700 på laurdag den 21. juli 2007 kom vi fram til Lindesnes fyr. Der venta blomar frå familien.

Vi vart tekne i mot som konge og dronningar av fyrvaktaren Rolf. Vi fekk ligge i telt like under fyret og vi fekk kome inn i heilagdomen sjølv ("lykta") ved midnatt.

Siste del av turen vart strabasiøs, men vi greidde det.

Det var ei utruleg kjensle å kome fram. Vi har vel aldri vore så glade og lukkelege! Det finst mest ikkje dekkande ord. Eit minne for livet - enkelt sagt."

- Aldri meir Bergen

Ulvar og Kari Maritza gjer seg klar for kvelden.
Foto: Kjersti Kollbotn

"No har vi sykla Vestlandet i ausande regn. Bergen var heftig våt. Stavanger, som vi kom til i går (tysdag) var nesten like "god" i nedbør. Her søkte vi ly innandørs hos slekt for natta og fekk vridd vatn ut av både sokkar og skinn.

- Aldri meir Bergensområdet på sykkel, seier ungane. Ikkje på grunn av vêret, men på grunn av gang- og sykkelvegnettet vi på to hjul blir vist til å sykle på.

Hadde vi funne stiar som heng saman hadde det vore greitt, men når stiane utan varsel endar i ei trapp, eller liknande, er det ikkje det kjekkaste vi veit. Nok om regn og dårleg tilrettelegging (og skilting!) for syklistar.

Syklar Norge på langs
Foto: Kjersti Kolbotn

- Milde Bømlo

Vi har sykla i gjennom milde Stord, Bømlo og Karmøy. Ei god oppleving!

T-sjorter med trykk "Nordkapp-Lindesnes - for psykisk helse", og likande trykk på jakkene, har gjort at mange menneske har teke kontakt undervegs.

No har kun 18-19 mil att til målet. Det er med blanda kjensler at vi nesten har fullført reisa. På eitt vis vil vi at ho skal vare lenger. Uansett; vi er spente på å sykle ut mot fyret. Og ei slik reise gjer vi gjerne ein gong til."

- Fantastisk tur

Frå venstre: Kari Maritza, Ulvar og Kjersti Kollbotn.
Foto: Birger Meland / NRK

NRK Sogn og Fjordane sende direkte då familien i førre veke kom til Reed i Gloppen.

- Vi har hatt ein heilt fantastisk tur med strålande vær og gode vindforhold. Det har vore ein kjempetur med masse fine opplevingar, fortel mamma Kjersti.

Samlar inn penger

Familien var torsdag med i direktesendinga på NRK Sogn og Fjordane der dei fortalde om den noko uvanlege turen. Målet er å gjere famlilien til meir menneske saman.

I tillegg til erfaringane dei sjølve haustar gjennom dei mentale og fysiske utfordringar på turen, samlar dei i samarbeid med Norske Kvinners Sanitetsforening inn pengar til psykisk helse.

Til minne om mor

Innsamlinga er til minne for mor hennar, Kari Kollbotn, som i ei årrekkje var fylkesleiar i Norsk Kvinners Sanitetsforeining Sogn og Fjordane. Ho var og ein pådrivar for å setje psykisk helse på dagsordenen, både i eige fylke og på handlingsplanen i NKS.

- Mor fekk depresjon på slutten av livet. Mor kjempa for psykisk helse og aktiv i sanitetslaget. Til minne for henne etablerte vi eit minnefond. Denne sykkelturen var eit veldig godt høve til å kombinere fysisk og psykisk helse til minne om mor, fortel Kjersti.

Reiser sørover

Etter besøket i Reed i Gloppen i dag går turen vidare gjennom fylket til Ryssedalsvika, Bergen, Stord, Stavanger, Egersund, Flekkefjord og Lindesnes.

- Eg ser føre meg eit fyr, Lindesnes fyr. Turen har gått kjempefint. Det med samhald på ein slik tur merkar ein på både godt og vondt. Likevel kosar vi oss veldig, seier ho.

Meir informasjon om turen finn ein på Norske Kvinners Sanitetsforening sine nettsider.