Hopp til innhold

- Helikopterselskap dreiv ulovleg

Selskapet Helikopter Utleie AS i Stryn får skarp kritikk frå Luftfartstilsynet etter fleire alvorlege brot på regelverket.

Helikopter Utleie
Foto: Helikopter Utleie As

Informasjonsdirektør Bjørn Takle Friis i Luftfartstilsynet seier Helikopter Utleie har hatt ein rotete organisasjon.

Utan flygesjef

Helikopter Utleie AS, som har spesialisert seg på å flyge turistar rundt i Stryn, flaug i fjor langt fleire turar enn dei har løyve til, dei har også operert utan pålagd flygesjef.

Luftfartstilsynet fortel ei historie om eit selskap som har vist manglande respekt for regelverket, for sjølve Luftfartstilsynet og som har ein rotete organisasjon prega av interne konfliktar.

Kan misse konsesjonane

I møte med Luftfartstilsynet vedgjekk Helikopter Utleie at dei ikkje har hatt god nok styring, men dei hevdar at dei no har rydda opp. Dersom Helikopter Utleie likevel ikkje held seg til regelverket vil tilsynet trekkje tilbake konsesjonane og selskapet vil bli meldt til politiet.

- Offer for heksejakt

Men dagleg leiar Lars Kveen i Helikopter Utleie vil ikkje ta sjølvkritikk. Selskapet har møtt svært kraftige protestar mot flyginga si i Stryn. Stryn kommune har gitt selskapet fleire nye konsesjonar på helikopterlandingsplassar, noko som har vore svært omstridd fordi folk har klaga på støyen frå helikoptera. Difor meiner Kveen kritikken frå Luftfartstilsynet kjem som ein del av ei heksejakt.

- Gir blaffen

Luftfartstilsynet kritiserer Helikopter Utleie på fleire punkt. Tilsynet meiner selskapet har gitt blaffen i regelverket for å tene mest mogleg pengar.

I tillegg har dei heller ikkje hatt ein flygesjef på jobb. Regelverket krev dette, men ein arbeidskonflikt gjorde at flygesjefen sjukmelde seg, og etter regelverket skal den nye vikarierande flygesjefen då kunne rådføre seg med den gamle, men selskapet har nekta han å ha kontakt med vedkomande. Dette ser tilsynet svært alvorleg på.

Blir passa på framover

Men trass i den kraftige kritikken vil ikkje Kveen vere med på at dei har gjort nokon feil.

Informasjonsdirektør i Luftfartsilsynet Bjørn Takle Friis gjer det på si side klinkande klart at Helikopter Utleie vil bli passa på framover.