Hopp til innhold

Suksess for Aordalscognac

Aordalscognac har selt best i heile landet fram til no i år. Konjakken frå Årdal ligg på topp sjølv om den berre har vore på marknaden i to månader.

Kim Birkedal Hartmann

Konjakkprodusent Kim Birkedal Hartmann har så langt selt over 1800 flasker av Aordalscognacen.

Foto: Steinar Kvigne, porten.no

 

Aordalscognac
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg er overraska over talet sidan det ikkje er så mange innbyggjarar i Årdal. Men vi har sett fenomenet før i Hammerfest, men så stabilt som det er i Årdal er ganske overraskande, seier produsent Kim Birkedal Hartmann.

Kim Birkedal Hartmann er busett i Frankrike og er fjerde generasjon som produserer konjakk. Då han får presentert tala for årdalskonjakken sit han i Marocco på ein restaurant like ved Atlanterhavet.

Lokal identitet

Han trur lokal identitet til produktet har mykje å seie for dei gode salstala.

- Eg var i Årdal for ikkje lenge sidan. Då eg var innom Vinmonopolet såg eg eit skilt som fortalde at årdalskonjakken var utselt. Eg  høyrde to-tre personar som gjekk bort til kassen og spurde kvar er konjakken min. Folk er tydelegvis trufaste mot sitt eige produkt.

500 fleire flasker

Årdalskonjakken har selt nøyaktig 1813 flasker i første tertial. Det er 500 fleire flasker enn nummer to på lista. Og konjakken frå Årdal har berre vore i sal i to av dei fire månadene.

Birkedal Hartmann meiner han har satsa heilt rett.

- Eg var skeptisk i byrjinga, men Torstein Kvam var flink til å overtale meg, og i dag er eg glad for at eg høyrde på han.