Hopp til innhold

Sauer kan beite att

Mattilsynet er langt meir positive til at sauer kan sleppast på beite i Indre Sogn, etter at fleire jervar er blitt drepne den siste tida.

Regiondirektør, Roald Vaage, har tidlegare truga med beitenekt, men seier situasjonen no er langt lysare.

Har felt 13 jervar

Årsaka er at det er felt seks jervetisper og sju kvalpar dei siste vekene.

Vaage kan ikkje love at beitenekt no er uaktuelt, men seier dei først skal ha eit møte med bøndene i området, før dei bestemmer seg.