Hopp til innhold

Seks jervar felte så langt i år

- Med tanke på kor mykje dårleg ver me hadde i vinter, syns eg absolutt me kan seie at det har vore ei vellukka jakt, seier viltkonsulent Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen.

Jerv
Foto: BBC

Det er dei profesjonelle jegarane i Statens Naturoppsyn (SNO) som har stått for jakta.

- Dei har gjort ein god jobb, rosar Mjelstad.

Tidlegare i vinter var det lyst ut lisensjakt på seks jervar, men då vart ingen skotne. Mjelstad trur det at ein lukkast denne gongen har med tidspunkt å gjera.

- Lisensjakta går jo om seinhausten og vinteren, og då er det gjerne vanskeleg å finna fram i fjella her. SNO kan jo i tillegg jakta i mars, april og mai - og dei har fleire hjelpemiddel tilgjengeleg, som snøskutar og helikopter.

- Seks jervar på ein månad - er det rekord?

- Det er eg usikker på, men det er i alle høve ikkje langt unna, seier Mjelstad.