Hopp til innhold

Nye utgreiingar om skipstunnel

Fiskeri- og kystdepartementet har gjeve Kystverket i oppdrag å gjennomføre ny og breiare utgreiing om Stad skipstunnel.

Skisse over Stad skipstunnel.

Departementet ber Kystverket vurdere nærare både storleik og nytteverdi av tunnelen.

- Utgreiingane så langt gjev ikkje grunnlag for å gjennomføre prosjektet. Regjeringa ynskjer likevel å "snu kvar stein" i saka, utan å skape nye og urealistiske forventingar, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Vurderer større skip

Tunnelen er planlagt mellom Kjødepollen og Moldefjorden, eit område der halvøya på Stadlandet er smalast. Skipstunnelen er så langt planlagd for skip opp til 5.000 bruttotonn.

Dei nye utgreiingane vil i tillegg gjere greie for ei løysing der skip på storleik med hurtigruteskipet Midnattssol, som er vel 16.000 bruttotonn, vil kunne passere gjennom tunnelen.

Vilkår for utgreiing

Utgreiinga skal klarlegge konsekvenseane ved dei ulike tunneldimensjonane, mellom anna kostnadsoverslag, nautiske spørsmål og samfunnsøkonomiske verknadar.Rammevilkår for turisme og sjansen for sal av steinmassar skal også vurderast.

Det vert lagt stor vekt på at Kystverket sitt arbeid med nye utgreiingar vert forankra hos lokale og regionale mynde og interessentar.