På denne sida finn du Radio Røysi frå 2006 til 2008.
Kvar veke kan du mellom anna høyre Viksdalens store son, fritenkjar og visjonsleverandør Bjarte Børstebråten. I studio har Geirmund Henjum, velkjend frå Fjogningjuryen gjennom mange år, ei sentral rolle. Revyentusiasten Roy Aron Myklebust leverer også stoff til programmet, som går i reprise i føremiddagssendinga måndagen etter.
Radio Røysi som podkast
Du kan også få Radio Røysi som podkast. Du kan laste ned programmet til mp3-spelaren din, slik at du kan høyre det når det passar deg. Det er enkelt å komme i gang med å lytte til podkasting.
Først må du laste ned ei programvare for å kunne motta podkast. Programvaren, som er gratis, sørgjer for å hente podkastene til datamaskinen din.
Velg at du skal abonnere på podkast, og lim inn denne lenka:
Treng du hjelp til å komme igang, kan du klikke på lenka under.
Til PC, mp3-spelar eller mobiltelefon
Når programmet er lasta ned, kan du høyre det frå PC-en eller overføre det til mp3-spilleren din. Du kan også overføre det til nyare mobiltelefonar.
Det er heilt gratis å laste ned Radio Røysi som podkast. Vi sender ut ein podkast kvar fredag, og innhaldet er tilgjengeleg i sju dagar etter at det er sendt ut.