Hopp til innhold

Ventar framleis på fellingsløyve

Luster har enno ikkje fått svar frå Direktoratet for naturforvaltning om løyve til å felle bjørnen som herja i området i fjor.

Bjørn
Foto: NTB-arkiv / Scanpix

Bøndene reknar med at det er same bjørnen som nyss er komen ut av hi i Sjåk.
Arne Bjørk i Luster seier det hastar med å få svar.

Bjørk er med i eitt av sankelaga i Luster. Han fryktar at bjørnen etterkvart vil bevege seg ned til berr mark, og då er det ingen som greier å finne han igjen.

- Då er det mikroskopiske sjansar for å få felle han, seier Bjørk.

Snøspor viktig

Bjørk meiner at dei må få fellingsløyve no, for så lenge bjørnen går på snøen, kan dei følgje spora og ta han ut på den måten.

Problem i lang tid

Kommunen har hatt eit problem med rovdyr som tek sau i lang tid. Bjørn har saman med jerv teke grådig for seg. Bøndene fekk erstatta til saman 76 sau og 45 lam etter fjorårets beitesesong.

No fryktar sankelaget at bjørnen som var i Luster ifjor sommar, skal koma attende. Difor meiner Bjørk det er på tide at direktoratet gjev dei fellingsløyvene som Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har bestemt dei skal.
Men, han har sine i tvil. Bjørk meiner at dei no må gå direkte til departementet og få dei til å skjere igjennom og instruere direktoratet så dei kan gjere jobben sin.

Tregt direktorat

Lierne kommune i Nord-Trøndelag som òg er ein kommune med mykje bjørn, har no sett seg så lei på direktoratet at dei har bestemt å boikotte det. Ordførar i Luster Torodd Urnes seier kommunen ikkje har tenkt å gå så langt.

Må få fellingsløyve

- Bjørnen som har tatt så mykje sau tre sommarar på rad, har ikkje livets rett, seier Arne Bjørk. No må vi berre få ta han ut, anna løysing finnst ikkje. Denne bjørnen har inga betydning for bestanden, som viser seg å vere dobbelt så stor som Direktoratet for naturforvaltning tidlegare har gått ut med, seier Bjørk.