Hopp til innhold

Vil skyte fleire jervar

Sauebøndene i Indre Sogn krev at Miljøverndepartementet gjer alvor av lovnadane om jervefrie beiteområde.

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Fleire av bøndene har sett ferske spor av rovdyr i det siste. I eit brev til departementet ber dei om løyve til å ta ut fleire dyr.

- Vi vil at dei vedtekne rovdyrpolitikken vert sett ut i livet, og ikkje berre eit skrivebordsvedtak, seier Lars Nesse i Lærdal Sankelag.

Frustrerte sauebønder

Skrivebordsvedtaket som Nesse siktar til, er eit brev som miljøvernministeren og landbruksministeren sendte ut i fjor sommar. Der stod det at rovdyr ikkje skal vere til hinder for beitedyr.

Men sauebøndene i Indre Sogn er frustrerte over det dei kallar ein jervebestand i vekst, og for å lette på trykket vedtok Direktoratet for Naturforvaltning i vinter at det skulle skytast to dyr meir enn den opprinnelege kvota.

- Sterk vekst

Men sauebøndene meiner det er for lite. Difor har Lærdal sankelag og sankelaga i Luster no sendt brev til Miljøverndepartementet. Der krev dei at departementet overprøver direktoratet sitt vedtak, og heller gjev bøndene løyve til å ta ut fire dyr til. For det er nok å ta av, meiner Nesse.

- Ut frå dei sporobservasjonane vi har hatt i vinter og med det sauetapet vi hadde i fjor, så er bestanden i sterk vekst, seier han.

- Forstår ikkje problemet

Begeret er i ferd med å renne over for sauebøndene, og Nesse meiner myndigheitene ikkje forstår kor stort rovdyrproblemet faktisk er. Beitenekt er neste hinder på lista. Difor håpar Nesse departementet tek tak i problemet på alvor.

- Vi har fått eitt varsel frå Mattilsynet om tidsavgrensa beitenekt. Viss dette vert sett i verk, er det noko som er gale med heile rovdyrforvaltninga, seier han.

Miljøverndepartementet var ikkje tilgjengelege for kommentar onsdag kveld.