Hopp til innhold

Jerven jagar sauebøndene

- 26 sauebønder legg ned produksjonen i Luster på grunn av jerv. Det seier sauebonde Steinar Mørkrid.

Sau drepen av jerv
Foto: Statens naturoppsyn.

Talet på sauebønder i enkelte beiteområder i Luster er nærast halvert dei siste ti åra, og jerv har vore eit stort problem i denne perioden.

Tal frå Landbrukasavdelinga til Fylkesmannen syner at dette er ein nedgong på 46,4 %.

Drep 1000 i året

Kvart år døyr det omlag 12 000 sauer og lam på beite i Sogn og Fjordane. Av desse står dei store rovdyra som jerv for omlag 1000. Landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal seier tala er urovekkjande.

- Når vi les årsmeldingane frå sankelaga ser vi grunn til bekymring. Men når vi ser på tapssituasjonen for heile fylket, så er freda rovvilt berre ein del av fleire tapsårsaker.

Leverer rubbel og bit

Dei siste 10 år har Mørkrid mista omlag halvparten av dei næraste yrkesbrørne sine. Han spår at det det fort kan bli langt fleire dersom Mattilsynet gjer alvor av trusselen om beitenekt i områder med stort jerveproblem.

- Får vi eit slikt brev frå Mattilsynet er det enkelt. Då sler eg nummeret til salslaget, og ber dei komme med bilar, for då leverer eg rubbel og bit.