Hopp til innhold

Fryktar jerve-sommar

Mattilsynet i Indre Sogn varslar sauebøndene i området om at det kan bli tidleg sanking av dyra også i år.

Sauer
Foto: Scanpix

Og i verste fall kan det bli forbod mot å ha dyra på fjellbeite. Grunnen er frykt for jerve-sommar i området.

Mattilsynet ber sauebøndene ha ein plan dersom fjellbeita ikkje kan nyttast i år, seier senior-rådgjevar Olav Hermannsen.

- Bøndene bør iallefall tenkje gjennom kva moglegheiter dei har, seier han.

Uvanleg mykje jerv

Det var gitt løyve til felling av seks jervar i Indre Sogn no i vinter, men ingen vart tekne. No skal statens naturoppsyn prøve å ta to mellom Årdal og Lærdal i løpet av mars, men mykje tyder på at det er uvanleg mykje jerv i Indre Sogn.

- Det er gjort mange observasjonar av spor etter jerv. Viss det ikkje vert gjort noko med dei, fryktar vi at det kan bli store problem, seier Hermannsen.

Kan bli beitenekt

I ei orientering som mattilsynet har sendt ut til sankelaga i heile Indre Sogn blir det peika på at det lett kan bli aktuelt å måtte ta dyr tidleg heim frå beite, og i verste fall bli beitenekt.

Fortun sankelag skal ha møte om saka i kveld, men sauebonde Steinar Mørkrid fryktar jervestammen er så stor at beitenekt kan bli ein realitet.

- Viss det ikkje vert tekne nokre jervar, så fryktar vi det, seier bonden.

Mykje sau og lite innmark

Å halde fleire hundre sauer på heimebøen er uaktuelt.

- Då fryktar vi at vi er redde for å slutte med sauer, for vi har mykje sau og lite innmark, seier han.

Frustrasjonen går i hovudsak mot direktoratet som dei meiner ikkje tek jerveplaga i Sogn på alvor.