Bjørnen som ligg i hi i Skjåk er ein hannbjørn. Det bekrefter i dag Direktoratet for naturforvaltning.
Ved hjelp av avføringsprøver og andre DNA-spor har dei funne ut kva slags kjønn bjørnen er.
Det er stor sjangs for at det var det samme rovdyret som herja i Sogn i sommer. Leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk, trur det vert lettare å få fellingsløyve på eit hanndyr enn ei binne.