Hopp til innhold

- Bør avdekkje meir korrupsjon

Kommunane i fylket nedprioriterer arbeidet med å avdekke korrupssjonssaker, meiner revisjonsleiar.

- Kommunane i Sogn og Fjordane brukar lite tid og ressursar på å avdekke korrupsjon og økonomisk misleghald, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Revisjon, Marianne Vara.

Ho meiner det er på høg tid at dette arbeidet blir prioritert.

- Det burde absolutt vore prioritert, og her i Sogn og Fjordane.

Verst i indre Sogn

Det er spesielt mot kontrollutvala i Indre Sogn at Marianne Vara i Sogn og Fjordane revisjon rettar sin skyts. Etter at kontrollutvala hadde kursing om temaet korrupsjon og økonomisk misleghald i fjor, har dei fått invitasjon frå Vara om oppfølging og tettare samarbeid rundt dette arbeidet. Men ingen har svart og det synst Vara er skuffande.

- Eg synst jo det er litt skuffande. Det går på at vi i Sogn og Fjordane revisjon sitter inne med kompetansen til å arbeide vidare med det, men det er kontrollutvala som har moglegheit til å prioritere ressursar.

- Trur du at dei ikkje prioriterer dette området?

- Eg veit ikkje kva dei grunngjev det med. Eg kjenner ikkje til kvifor dei ikkje har følgd det opp på ein eller annan måte.

Under etterforskning

Tidlegare denne veka omgjorde Fylkesmannen eit vedtak der ordføraren i Bremanger både handsama og løyvde 35. 000 kroner i SMIL- midlar til rådmannen i kommunen. I tillegg er ei sak frå ein annan kommune i Indre Sogn under politietterforsking. Marianna Vara vil ikkje fortelle noko om denne saka bortsett frå at ein person skal ha utnytta sin posisjon for å oppnå økonomiske fordelar.

Sjølv om desse sakene er langt mindre alvorleg enn dei store korrupssjonsakene som er avdekt på austlandet den siste tida, så viser dette at snusk og fanteri og eksisterer i Sogn og Fjordane.

- Eg trur nok ikkje at det er snakk om store skandaler, men at sikkert kan finnast høve her som ein bør sjå nærmare på, seier Vara.

- Kan ikkje leike detektiv

Men Vara og Sogn og Fjordane revisjon får svar på tiltale. Leiar i kontrollutvalet i Vik, Olav Stadheim, seier han ikkje var klar over invitasjonen frå Vara om oppfølging av korrupsjonsarbeidet. Dessutan meiner han at kontrollutvala har svært lite ressursar til å bruke tid på denne typen arbeid.

- Det er administrasjonen som i den daglege drift må følge opp at slike ting ikkje utviklar seg. Eit kontrollutval er totalt avhengig av innspell. Me kan ikkje leike detektivar.

- Det er vel det kanskje Marianne Vara meiner de kan gjere?

- Som utval har vi veldig begrensa med tid og ressursar.

- Har ikkje pengar

- Men brukar de tid og ressursar på å avdekkje korrupsjon?

- Nei, då må eg berre beklage. Vi har ikkje i budsjett i det heile tatt for å byrje med slike ting.

- Men kva er rolla til kontrollutvalet i kommunen?

- Vi skal på vegne av kommunestyret kontrollere økonomi og forvaltning i kommunen. Men vi er eigentleg avhengig av å få tips, for det er ingen som driv med korrupsjon åpenlyst.