Hopp til innhold

Ubrukeleg DNA frå bjørnen

DNA-funna frå bjørnen som herja i saueflokkane i Sogn sist sommar er ubruklege.

Dermed er det ikkje mogleg å finne ut om dette er den same bjørnen som har hatt tilhald i Skjåk dei siste åra.

Vanskeleg oppgåve

Det er sjølvsagt synd i eit slikt tilfelle der det er viktig å vite om dette er den same bjørnen eller om det er to ulike, seier leiar for Bioforsk Svanevik, Hans Geir Eiken.

- Så det vert vanskeleg å finne ut om det er den same bjørnen som har hi i Skjåk?

- Ja, det vert vanskeleg. 

Fann pelsdottar

Funna av pelsdottar og avføring frå bjørnen som vandra i sognefjella i sommar skulle gje mange og viktige svar for forskarane ved Bioforsk i Svanevik. Men ein førebels rapport viser at DNA-spora mest truleg er ubruklege. Årsaka er vanskeleg å forklare, men har samanheng med at fettmengda i bjørnen var for stor då funna vart gjort i Fjærland.

Kan lage DNA-profil

Eiken er likevel optimist. For prøvene som er analyserte etter hi-funna i Skjåk er nok til å lage ein DNA-profil av den bjørnen. Og viss det same dyret tek seg inn i Sogn og Fjordane til sommaren er det ein lett jobb å identifisere det, seier han..

- Når vi har DNA-profilen av den, så er det mogeleg å sjå korleis den har vandrar i 2007.

- For då kan de ta prøver etterkvart?

- Ja. I så fall kan forskarane også gje svar på prøvene i løpet av eit par dagar.

Kjenner kjønnet

DNA-profilen av bjørnen i Skjåk gjer at forskarane i Finnmark no veit kva kjønn det er snakk om. Men dette vil han ikkje avsløre før den endelege rapporten er klar 1. april.