Hopp til innhold

Gaupa kan ha blitt fastbuande

Dei mange gaupeobservasjonane den siste tida kan tyde på at kattedyret har tatt fast tilhald i distriktet.

Seinast fredag vart det gjort observasjonar av gaupe i eit bustadfelt i Askvoll.

Oftare observasjonar

- Vi får oftare meldingar om gaupe no enn vi gjorde før. Det tyder på at stammen har vakse. Tidlegare har vi snakka om streifdyr, men no ser det ut som ho har slått seg ned for ei stund, seier rovviltkontakt Ingjald Hauso i Statens naturoppsyn. 

Sauebøndene i Guddal fryktar dette. I helga var dei på gaupejakt, men utan å finne spor etter det store kattedyret.  Sjølv med ideelle forhold med god sporsnø fann dei ingen spor. Dei ni erfarne gaupejegerane frå resten av landet har no reist heim.

Gaupefamilie

I morgon skal Hauso til Askvoll for å undersøke gaupeobservasjonen der nærare.

- Dette er ikkje kvardagskost. Viss vi ser spora skal vi følgje dei to-tre kilometer for å sjå om det kan vere ei gaupe med ein eller to ungar. Mora og ungane går i same sporet, difor er det ikkje godt å sjå kor mange dyr som vandrar i marka.