Hopp til innhold

Fann ikkje gaupa

Gaupejakta i Guddalen i helga var resultatlaus. Sjølv med ideelle forhold med god sporsnø fann dei ingen spor.

Gaupe
Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Dei ni erfarne gaupejegerane frå resten av landet har no reist heim.

Sauebonde Bjarne Huseklepp kallar dyret ein lystmordar og seier gaupa tok mykje sauer i haust.

Han seier jakta vil fortsette også komande veke og at det som er viktig no er å sikre gaupespor.

Men gaupa er svært sky og vanskeleg å jakte på, og terrenget her på Vestlandet er perfekt for kattedyret å gøyme seg vekk i.