Hopp til innhold

Bjørnen får ein ny vår

Bøndene får ikkje felle bjørnen som herja i Jostedalen i fjor på vårsnø.

Bjørn
Foto: Arne Nævra / Scanpix

- Vi har hatt eindel slike saker dei siste åra, og vi har avslått dei søknadene som går på skadefelling av bjørn på vårsnøen dei siste åra, seier rådgjevar Knut Morten Vangen i Direktoratet for naturforvalting.

Truleg tre somrar i Vest

Jostedalsbjørnen har truleg tre somrar bak seg i saueflokkar på Vestlandet. Eit år på Nordmøre, neste år i Rauma og Skjåk og i fjor her i fylket, med størst skade i Jostedalen og Fjærland. Totalt vart det betalt ut skadeerstatning for 76 sauer og 45 lam i Sogn og Fjordane fjor, der bjørnen er den sannsynlege mordaren. Grunna dei omfattande innhogga i saueflokkane, vart det gjeve løyve til skadefelling av bjørnen. Men bamsen viste seg å vere umuleg å finne, og bøndene vil i år ta han før han dreg på sauejakt. Og det seier altså direktoratet nei til.

- Dei vurderingene vi gjer går både på dei bestandmessige forholda og korvidt ei felling har ein skadereduserande effekt. Å felle ein bjørn som nett er komen ut av hiet, treng ikkje alltid å ha ei skadereduserande effekt akkurat i det området, seier Vangen.

- Kvifor ikkje?

- Erfaringsmessig er det slik at bjørn ofte vandrar langt når den vaknar opp. Dermed kan den vere på ein heilt annan kant av landet når sauene vert sleppte på beitet.

Tek omsyn til bjørnen

- Men er det ikkje betre at bjørnen vert drepen før den drep fleire sauer?

- Jau, men så er det jo slik at vi i Norge har ein todelt målsetnad i rovviltforvaltinga, då ein både skal ta omsyn til bjørnen og menneskelege næringsinteresser i ein del prioriterte område.

Nye politiske signal må til for at direktoratet skal seie ja til å felle bjørnen.

- Miljøverndepartementet har nok ein tradisjon for å seie nei til slike søknader. Så det må nok kome nokre nye signal om vi skal endre praksisen vår, seier Vangen.

Skuffa

Leiar Arne Rebni Øvreås i Skjolden Sankelag er svært skuffa over Direktoratet sitt nei til å felle bjørnen. Han krev likevel at bjørnen blir merka. På denne måten blir det lettare å drepe bjørnen på eit seinare tidspunkt, dersom han igjen skulle forsyne seg med sauer frå Indre Sogn.

- Når Miljøverndepartementet har sagt at skadefelling skal verte meir effektivt enn det er i dag, så forventar me at dei omset dette til praksis. Dei må syte for at denne bjørnen vert merka, slik at me kan ha ein viss sjanse til å fella den. Vi viste jo seinast i fjor at umerka bjørnar er utruleg vanskeleg å finne, seier Ørveås.

Han fortel at det er svært tøft for bøndene å gå med frykt for at sauer skal verte drepne av bjørnen.

- Det er heilt forferdeleg! Vanlegvis drep bjørnen kort og brutalt, men den er jo så sterk at det fins ein god del tilfelle der han berre har skada dei. Det han set størst pris på er brystfett og jur, og stundom har han forsynt seg av dette utan at sauen var daud, seier Øvreås.