Hopp til innhold

Gjer seg klare til gaupejakt

Laurdag startar dei jakt på gaupe i Guddalen. Observasjonar i det siste gjer at dei har håp om å få has på skadedyret.

Gaupe
Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Sauebonde Bjarne Huseklepp seier det er heilt nødvendig å få skote dyra.

- Gaupa er ein lystmordar, slik som andre kattedyr. Dei drep meir enn dei et, seier han.

Skamferte sauer

I byrjinga av november vart det observert to levande gauper i Guddalen i Fjaler. Skamferte og drepne sauer har og vore sikre teikn på at den store kattedyret har vore på ferde.

Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere slike rovdyr fast på Vestlandet. Difor fekk dei fellingsløyve.

Såg ei gaupe

No har jegerane skaffa underskrifter frå grunneigarar slik at dei kan følgje dyra fritt dersom dei kjem på sporet av det.

- Vi hadde spor i går der vi ikkje er sikre på om det er gaupe eller ikkje. Men dei er veldig interessante. I tillegg har vi fått melding om at nokre ungdommar såg ei gaupe på søndag.

Svært sky

Men Gaupa er svært sky og vanskeleg å jakte på og terrenget her på Vestlandet er perfekt for kattedyret å gøyme seg vekk i. Difor får dei hjelp av ni røynde gaupejegerar frå andre delar av landet i morgon.

- Vi er totalt amatørar når det gjeld jakt på gaupe. Difor er vi så heldige at vi har fok som kjem hit, seier han.

Vil ikkje sleppe ut lamma

Difor er dette ein kamp mot kalenderen der sporsnøen er det midlertidige trumfkortet.

- Det virkar meiningslaust å sleppe lam ut på beite til våren viss vi ikkje klarar å redusere talet på gauper, seier han.