Hopp til innhold

Jerven vert talt for seint

Arbeidet med å registrere jervebestanden i Sogn går for seint. Det meiner sankelaga i Luster.

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik

Arbeidet med å registrere jervbestanden i Sogn går for seint. Det meiner sankelaga i Luster.

Det er Statens Naturoppsyn (SNO) som har ansvaret for registreringa. Men leiar i Skjolden sankelag, Arne Rebni Øverås, seier dei gjer ein for dårleg jobb.

- Vi meiner at det trengst meir folk for å dekke dette fjellområdet på ein god nok måte. Vi har folk som er interesserte i å vere med på dette, seier Øverås.

- For dårleg jobb

Han meiner oppsynet ikkje har nok folk i fjellet når det skal søkjast etter jervehi.

- Det er slik kvar vinter, at området vert undersøkt for lite.

Sauebøndene i Luster mister kvart år mange dyr på beite. Jerven får mesteparten av skulda, og difor brukar bøndene mykje tid og krefter på å finne ut kor stor jervebestanden eigentleg er i indre Sogn.

Sist møtte berre ein

Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn er ikkje avvisande til at sauebøndene får delta meir i sporingsarbeidet. Men han er litt overraska over kritikken, for sist gong han inviterte dei med til fjells møtte det berre ein person.

- Eg meiner at vi har eit godt lokalt mannskap til å gjere denne jobben, seier han.