Hopp til innhold

Mor og son fengsla i narkosak

Mor og son er varetektsfengsla i historiens største narkosak i Sogn og Fjordane. Dei to er frå Stryn.

Politiadvokat Knut Broberg.
Foto: NRK

Ein person frå Sunnmøre vart også varetektsfengsla for to veker torsdag.

Tidligare denne veka vart dei tre pågripne og sikta for kjøp, sal og oppbevaring av store mengder amfetamin.

Politiadvokat Knut Broberg seier dei kravde varetektsfengsling grunna faren for å miste bevis. Ingen av personane vedgjekk straffskuld.

Rollefordeling

Det var tysdag denne veka at dei tre vart pågripne av politiet i det som er den grovaste narkotika-saka nokon sinne her i fylket. Dei tre er ei kvinne i 50-åra frå Stryn, son hennar i slutten av 20 åra og ei kvinne tidleg i 20 åra frå Møre og Romsdal.

- Ein av dei tinga vi no må å kartlagt gjennom etterforskinga er den enkelte si rolle i saka. Det er for tidleg å seie sikkert kven som har ei større rolle enn den andre. Men eg reknar med at etterforskinga vil gje svar på dette, seier Broberg.

Stort beslag

Det var under etterforsking av ei stor narkotikasak i fjor at politiet kom på sporet av dei tre. Dei vart pågripne og den gongen kversette politiet eitt kilo amfetamin. Kor mykje politiet har funne denne gongen vil Broberg ikkje ut med enno av omsyn til etterforskinga.

- Vi snakkar om eit stor beslag. Og sidan det alt er beslaglagt eitt kilo, har vi jo alt passert den kilo-grensa.